Hjem

Velkommen til Sauherad - midt i Telemark!

Lokalhistorie og kulturminne i kommunen vår

Målet for arbeidet med lokalhistorie og kulturminne er å skape aktivitetar som kan vise den lokale historia, bidra til å sikre identiteten til Sauherad og vise interessante sider av utviklinga i bygda.

Styret i Historielaget har i 2011 etablert eit samarbeid med Helge Markussen og Thorbjørn Wahlstrøm frå Skien som er i gang med ei bok om stulslivet på Sauheradfjella. Sauherad Historielag skal stå som utgjevar av boka og har fått gave på kr. 100.000,- frå Sparebankstiftelsen DNB til trykking av boka. Onsdag 9. mai 2012 kl. 1900 blir det informasjonsmøte om bokprosjektet på Nordagutu Sambruksanlegg - Alle er velkomne!

Kartleggingsnettverket fortsett arbeidet med registrering og kartfesting av kulturminne rundt om i bygda. I tillegg er Bø og Sauherad med i pilotprosjektet for Kultur- og naturreise som skal gjera informasjon om natur og kulturarv tilgjengeleg på smarttelefonar, nettbrett og GPS.

Invitasjon til å bli medlem i Sauherad Historielag.

Alle som er interessert i historia vår, som vil høre meir om kva som har skjedd i denne bygda opp gjennom tidene eller har noko dei vil formidle, er velkomne som medlemmer. Det kan enkelt skje ved å betale kr. 100,- for enkeltmedlemmer eller kr. 150,- for familiemedlemskap til bankkonto 2675.07.09221.

Ta ellers kontakt med oss dersom du er interessert i meir informasjon om historia til Sauherad eller om aktivitetene våre - Sjå menypunkt "Kontakt oss" for telefonnummer og epostadresser.

Sjå også "Kulturminne i Sauherad" på Facebook for diverse informasjon og bilde.

Sist oppdatert (mandag 26. mars 2012 20:38)

Les meir...

 
Besøkende
Vi har 1 gjest her nå
Tilfeldig bilde